Stadfestar identiteten til omkommen mann

Publisert 29.03.2016 15:02, oppdatert 29.03.2016 15:02 - NTB - tips@stottmedia.no

Stadfestar identiteten til omkommen mann

Politiet stadfestar at den døde mannen som vart funnen i Årdalsfjorden måndag, er 75-åringen som var meldt sakna i området.

Politiet gjekk tysdag ut med namnet på den døde som vart funnen. Samtidig vart det opplyst at den døde framleis ikkje er formelt identifisert, og at han skal obduserast, skriv Bergens Tidende.

Leitemannskap fann den døde mannen i Årdalsfjorden etter nokre timars leiting måndag. Mannen vart meldt sakna av familien etter at dei ikkje hadde hatt kontakt med han sidan 20. mars. Måndag formiddag vart bilen hans, ein burgunderraud Toyota Corolla, funnen på Årdalstangen etter at lokalt politi gjekk ut og etterlyste den. 

(©NPK)

Les også