Foto: Redningsselskapet

Publisert 16.10.2020 13:30, oppdatert 16.10.2020 13:30 - Ole Jacob Huus - tips@stottmedia.no

Søk etter mann i Askvoll

Over 100 frivillige er fredag med på søket etter ein mann som vart meldt sakna torsdag ettermiddag.

Søket etter mannen, som er i 30-åra, har pågått heile natt til fredag. Då dagslyset kom fredag morgon, vart søket trappa opp. Mannen skal ha reist ut for å dra krabbeteiner torsdag ettermiddag. 

Båten er funnen, men utan påhengsmotor. Lensmann Åge Løseth uttaler til NRK Sogn og Fjordane at dette kan ha samanheng med at mannen truleg har falle i sjøen. 

Det er vindstille i området, lite bølgjer og veret er bra, så politiet har ikkje gitt opp håpet om at mannen kan bli funnen i live. Søkeområdet som leitemannskapa gjekk over i natt, blir no sjekka ein gong til. Det blir også søkt på holmar og skjær.

To redningsskøyter, ambulansebåten og brannbåten i Askvoll og Røde Kors-båten frå Florø deltek i søket. KV Tor frå kystvakta er venta til området seinare for å delta i leitinga. 

Les også